



Kom tilfeldigvis over denne artikkelen i VG.
Dei skriv at nettlagring er det tryggaste men og det dyraste.
Eg skal være enig at det som regel er tryggast, men så dyrt er det ikkje.
Dei har lagt med eksempel på Elitefoto som tek 149 kroner for 500 bilder i eit år.
Det var veldig dyrt! Eg sjølv har hatt ein Flickr konto i 2 år no, den kostar meg 24.95 dollar (ca 150 kroner) i året å ha.
Her kan eg lagre så mange bilder som eg vil, og eg har for tida ca 15.000 bilder der.
Skulle eg ha brukt Elitefoto hadde det kosta meg ein del meir pengar.
Dei skriv også om Shutterfly si webtjeneste, men det dei ikkje skriv er at du ikkje får bilda dine tilbake i den størrelsen du lasta dei opp i.
Du har bilda, men i ein mykje dårligare kvalitet, ein kvalitet du ikkje kan bruka for å bestille papirbilder av.
Men det finnes fleire alternativ til å lagre bilder på nett
- Facebook… NEI!
- Windows Live Messenger’s SkyDrive
Her kan du lagre opptil 25 GB gratis. Du kan velje å dele det ut til dine venner, alle, eller ha alt privat.
Du kan også laste ned eit lite program som gjer at du får tilgang til SkyDrive stasjonen din frå Windows Utforsker på din datamaskin.
Men for å vise bilder til venner og andre ukjendte, er det ingenting som er betre enn Flickr synes eg.
Her er det du som bestemmer kven som skal sjå bilda dine. Du får tilbake bilda dine i orginal størrelse (eksempel her)
Slettar du eit bilde, blir det sletta. Slettar du bilder på Facebook så blir dei ikkje sletta.
Slik sikkrar eg mine bilder.
Legg bilda inn på min stasjonære pc, har så eit automatisk program som synkroniserar bilde mappa på pc’n min til ein anna pc.
På den andre pc’n har eg bilda både på harddisken og på ein ekstern harddisk som eg koblar til av og til for å ta backup, men bilda er alttid 2 plassar + at dei er på Flickr.
Grunnen til at du ikkje vil alttid ha 100% synkronisering heile tida, er at du kan synkronisere feila dine også, og då er du komme like langt, bilda kan væra øydelagde.






More Options ...
Categories
Tag Cloud
Blog RSS
Comments RSS
Void « Default
Life
Earth
Wind
Water
Fire
Light 
Man kan også bruke smugmug. Det koster 40 dollar per år for en standardkonto (med ubegrenset plass)